Mølle og Shoddyfabrikk i Strusshamn

Tekniske og industrielle kulturminner

Mølle og Shoddyfabrikk i Strusshamn
Neset
5302 Strusshamn

Tlf: 56 15 16 20
Faks: 56 15 16 45

vik.baa@online.no

Opningstider:

I 1801 løyste Hans Nilsen Hauge handelsbrev i Bergen. Han så seg om etter stader i bergensområdet der han og trosfellene kunne "sette ånd og legeme i arbeid".

God vasstilførsel gjorde at Hans Nilsen Hauge i 1803 kjøpte ein del av Strusshamn for å starte mølledrift. I løpet av 1800-talet var det fleire eigarar av mølla, som brann ned i 1861. På slutten av 1800-talet byrja industrimøller å utkonkurrere bygdemøllene. Mølla og rettane til vatn blei selde i 1909 til Arne Johannesen som starta opp Arne Johannesens Shoddyfabrikk A/S i lag med broren, Alfred Bruvik.

Shoddy er tekstilavfall av ull og bomull, som blir brukt til til dømes madrasser, fyll i ulltepper og dyner og filt. Mykje av råstoffa blei kjøpt frå utlandet, særleg Italia og Storbritannia. Shoddyen blei selt både til norske ullvarefabrikkar, og eksportert til hovudsakleg Sverige, Danmark, Tyskland og Storbritannia.

Shoddyfabrikken i Strusshamn var den største industriarbeidsplassen i Askøy kommune i mange år. I mellomkrigstida var det om lag 100 tilsette her - av dei var 80% kvinner. I 1950-åra kom akryl og polyester, produsert av kjemiske råstoff. Dette gjorde shoddyproduksjonen ulønsam, og aktiviteten blei bygd ned.

Innsende kommentarar:

Hans,
Eg tykjer også Hans Nilsen Haug burde få eiga heimeside!!!
27.11.2002
Mari, mari_ol@hotmai.com
Hans Nilsen Hauge.skulle egentlig ha egen jeme side synes nå jeg,har dere noe mere om han så sen det til min hotmail (takk)
5.11.2002
Erling Virkesdal, erling.virkesdal@askoy.kommune.n
I deler av Arne Johannessens Aktivitetshuset Shoddyen har Askøy museumslag, Askøy husflidslag og Askøy kystlag etablert seg med sine aktivitetar. Kvernsteinen som er ein ser på reisekartet er ikkje frå Hans Nilsen Hauge si mølle. Den brann i 1861 og ny mølle vart reist.Bygningen står framleis. Her er fleire etasjar som vert brukt som til museum,kurs, seminar fest. Møllesteinen er frå den første mølla som Hans Nilsen Hauge var med å finansiere i 1804. Steinen er frå 1870-åra. Askøy museumslag tar mot for omvising m.m. Tlf. 56 15 96 10 56 15 84 65. Postboks 389, 5323 Kleppestø.
27.11.2001
Ove Andreassen, tan-brei@online.no
Hei! Jeg mener at den unike plassen, og de flåtte kulturhistoriske skatter og samlinger av aktuelle fortidsminner, bør fremmes for et mye bredere publikum. I den forbindelse kan en legge ut brosjyrer og info til reisebyrå og ikke minst til Bergen/Hordaland reiselivs senter, slik at besøkende til vår region blir gjort oppmerksom på hva Askøy kan tilby på dette feltet.
16.3.2009

Dette meiner eg:

Namn:
Epost:
Hør nå
her:


Shoddyfabrikken.


Ein kveirnstein frå 1870-åra.


Hans Nilsen Hauge var her! Alle foto:Erling Virkesdal

   

Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
og Museumssenteret i Salhus