Ei kraftmølle på Fjell

Tekniske og industrielle kulturminner

Ei kraftmølle på Fjell

I Skålvik i Fjell kan ein finne plassen som ein gong var ei kornmølle. Det finst ikkje noko att etter den, anna enn ein møllestein som no ligg til pynt utafor bustadhuset som høyrde til plassen. Mølla brann ned i 1915, og allereie året etter sto Fjell kommune sin kraftstasjon oppført og i drift på same plassen.

Kraftstasjonen kan ein finne restane etter, både dam, røyrgate, kraftstasjonsbygninga og aggregatet. Det eksisterte nemleg berre eitt røyr og eitt aggregat, det var ikkje snakk om store saker. Det skulle være nok straum til at kvar husstand fikk ljos i ei lyspære. Aggregatet er fjerna og blir oppbevart av kommunen. Røyrgata er delvis fjerna, og er gjennomrusta. Demninga ligg der den har vore sidan 1916, men har vorte utbygd seinare. Sjølve kraftstasjonsbygninga finn vi inne i den nye næringa på plassen, eit Hydro Seafood oppdrettsanlegg for laks. Som ved eit mirakel har den overlevd midt inne i lakseanlegget. Stygg og fæl har den blitt, men det er av elde og ikkje fordi den har blitt utsett for nokon bevisst øydelegging.

Mølla som sto på plassen tidlegare var og der på grunn av vasstilførsla. Og mølla trong mykje vatn, den var fem etasjar høg og malte importert korn. Det var ingeniør Benjamin Magnussen som bygde den i 1889. To år etter ble Albert Mohn frå Bergen ny eigar for 200 kroner. Grunneigar i Skålvik fekk kroner 37,50 i leige for grunnen, ein sum som ikkje har endra seg sidan!

Bustadhuset som ligg på plassen har vore der sidan mølledrifta sto på. Der budde bestyraren og sesongarbeidarane. Munnlege kjelder fortel denne historia: Da mølla brann (På grunn av eksplosivt støv frå kornet?) blei bestyraren verande, og tok over oppsynet med kraftstasjonen. Ein dag trådde han inn i sikringsskapet, fekk eit kraftig støyt og døydde. Ein uheldig mann, vil nokon seie.

Ettersom det finst næringsverksemd på plassen no, er det ikkje ønskeleg med besøkande inne i oppdrettsanlegget. Det er fritt fram for besøkande å reise for å sjå vassrøyret/røyrgata, og dammen, som ligg i eit vakkert lyngheiområde.

Du kan bli den fyrste som legg inn ein kommentar - berre fyll inn skjemaet under og fortel oss om dine erfaringar frå Ei kraftmølle på Fjell, eller gje oss meir informasjon! Vi tek atterhald om at vi kan endre eller slette innlegg!

Dette meiner eg:

Namn:
Epost:
Hør nå
her:





   

Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
og Museumssenteret i Salhus