Gullgruve på Sveio

Tekniske og industrielle kulturminner

Gullgruve på Sveio
Buavåg
Sveio kommune
5550 Sveio

Gull! Gull! Sjå for deg onkel Skrue med dollarteikn i augo. Slik var det nok mange som kjende det då det blei gjort funn av gull på Hovda i Sveio. I følgje munnlege overleveringar var det Thomas W. Simonsen Mølstre som fann gullet ca 1871-73. I 1882 kom gruvedrifta i gang. Det viste seg då at gruvedrifta var lite lønsam, og allereie 10 år etter var det slutt. Konkursen var eit faktum.

Arbeidet med gullgravinga gjekk føre seg over eit lite område. Det finst eit par underjordiske gangar, i tillegg til eit dagbrot som er om lag 20 meter langt og 7 meter djupt. Trass det lille omfanget førte gruvedrifta med seg mykje nytt, og arbeid til mange. Sigurd Tveit har skrive om gullaldaren i Sveio i boka ”Bygdelangs”. Vi lar han fortelje:

”Korleis gjekk drifta føre seg i gruvene på Hovda? Sikkert på same måten som i andre gruver, den tid, anten det gjalt gull eller kis. Det var vante gruvefolk som sto for ståket, og dreiv seg nedover og innover i fjellet. Mange var tilreisande arbeiderar, truleg var det fleire svenskar med å drifta her ogso.

Steinen vart skoten laus, heist opp or gruva med ein handvinsj. Oppe vart den slegen mindre med storslegga og sortert, og den steinen som såg ut til å innehalda gull vart boren i kiper ned til sjøen. Her vart dei tømt i eit slåk som førte til lasterommet i ei lita Lista. Skøyta. Den la seg til ved eit berg som var som ein naturleg kai. Men i uver kunne det ikkje lastast inn noko gullstein, for det var ingen hamn der, og Bømlafjorden og Sletta kunne væra grov også for hundre år sidan.

Når skøyta var lasta sette den segl, og sigla den korte stubben inn til Buavåg. Der la den til ved ”Karet” som var losseplassen for gullsteinen. Karet er berre nokon få kvadratmeter, men det gjekk skinnegangar frå det, og steinen vart herfrå kjørt på tralle til knuseriet. Der vart steinen knust til ein viss storleik, og derfrå boren bort i stampar og tømt i stampekaret, og det var stampa som omsider gjorde steinen om til sand. Framleis ligg det sand i stranda i Buavåg etter gruvedrifta, og det er ikkje so mange år sidan folk på Bua henta fin støypesand av ”gull” til støypearbeid. Muraneetter steinknuseriet står der enno, og det same gjer eit steinslåk som er bygd for å leia vatnet anten mot stampa eller steinknuseriet.

[Det var] arbeid å få mot ”god betaling”. [Lars Bua og Haktor Bua] tok seg arbeid i gruvene med å bæra stein i kiper til sjøen. Betalinga var 30 øre for ein 12 timars dag, men dei var rett nok så unge at dei ikkje kunne få betaling som vaksne karar. Penger var mangelvare då, og vanskelege å få tak i, so dei gjekk og traska med kipene utan ein knyst […]. For fagfolk var betalinga omlag 2 kroner dagen, men etter som det er fortalt var det ogso akkordarbeid å få.”

Du kan bli den fyrste som legg inn ein kommentar - berre fyll inn skjemaet under og fortel oss om dine erfaringar frå Gullgruve på Sveio, eller gje oss meir informasjon! Vi tek atterhald om at vi kan endre eller slette innlegg!

Dette meiner eg:

Namn:
Epost:
Hør nå
her:


Dette kallast dagbrot fordi det ligg framme i dagen.


Denne sjakta er fyllt med vatn. Medan det blei arbeidd her måtte vatnet bli pumpa opp.


Her blei steinen knust til sand. Gull er tyngre enn stein, og blei skilt ut i vatn.


Heisan! Er det ikkje...! Alle foto: Histos

   

Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
og Museumssenteret i Salhus