|
Sunde i Kvinnherad var ein såkalla ”opphavstad” til hermetikkindustrien på Vestlandet. Haktor Thorsen, self made man, starta verksemda si tidleg på 1850-talet i eit sjøhus på Sunde. I dag blir dette området rekna som ein av Kvinnherads viktigaste kulturminnestader, på linje med Baroniet i Rosendal.
Sunde var i meir enn 100 år blant dei viktigaste hermetikkmiljøa i Sunnhordland. Mest kjend er nok Bjellands industri, men dette konsernet kom ikkje til Sunde før i 1913. Då hadde hermetikkindustrien hatt fotfeste i 50 år allereie.
Haktor Thorsen var i Sverige og kjøpte ein falsemaskin, som kan ha vore den fyrste falsemaskinen i bruk i Norge. Han kjøpte også inn olivenolje, og tok dermed spranget frå ”Røget brisling i kraft” til ”Røget brisling i olje”. Det var Frankrike som var foregangsland i hermetisering, og i 1876 var det nettopp dit han reiste for å studere teknikken. Han kom heim med ny kunnskap, ein koparkjel og nettkorger som var tilpassa kjelen. Omsetnaden tok seg opp, og Thorsen utvida forretningen. Nye produkt kom til gjennom prøving og feiling-metoden. Snart selde han torskerogn, sild og fiskeboller. Produkta hans blei eksporterte mellom anna til Sverige og Amerika, og han deltok på utstillingar i både Wien og London.
Seinare var det svigersonen til Haktor Thorson, Herman Valvatne, som utvikla hermetikkindustrien i Sunde vidare. Produkta var brisling, mussa, storsild, kaviar, krabbe og kjøthermetikk. På ein god dag blei det lagt opp til 25 000 esker sardin dagleg, med meir enn 200 personar i arbeid. Valvatne-familien hadde kontroll med store delar av industrien i Sunde. Herman var den store industrifaderen med både sin eigen og seinare Haktor Thordens hermetikkfabrikk, han dreiv reiarlag, han dreiv bakeri, bygde kraftverk og fleire hus. Sonene Helje og Haktor var aktive i næringslivet, med hermetikkfabrikk og sildeoljefabrikk. Yngstesonen Arnfinn var formann hos faren, og veslesyster Svanhild dreiv eigen forretning på Sunde.
I 1913 tok Bjelland industrier over hermetikkindustrien på Sunde, og heldt fram med verksemda fram til 1988. Tilgangen på råstoff hadde gått ned, det same hadde marknaden. I bygga til Bjellands fabrikk nr. 11 er det no lakseslakteri.
|