King Oscar Sardines, Skånevik

Tekniske og industrielle kulturminner

King Oscar Sardines, Skånevik
Norway Foods, 5593 Skånevik
Driftsleiar Dag Anders Hornenes

Tlf: 53 75 41 70

Brislingfabrikken er i Skånevik i Etne. Den er lett å finne; berre stå med ryggen mot fergekaia, og gå til venstre. Du kan ikkje ta feil. Bygget er karakteraristisk for si tid og for sitt verke. Dette er brislingfabrikken frå 1908, og den siste hermetikkfabrikken i drift i Hordaland.

Diverre blir produksjonen lagt ned i mars 2001, når maskinane blir sende til Polen. Eigaren, Rieber & Søn, meiner at verksemda ikkje lenger er lønsam, kurva til salstala peiker nedover. Då hjelper det lite at lokalsamfunnet støttar opp om og kjempar for hjørnesteinsverksemda gjennom snart 100 år.
Fabrikken er ein del av eit heilskapleg miljø frå seint 1800-tal til tidleg 1900-tal, i ein liten tettstad ved kysten. Bedriften har tradisjonelt vore kvinnearbeidsplass. Sardin på boks trakk til seg kvinner og jenter frå plassar rundt Skånevik og i sjølve Skånevik. Dei som ikkje budde heime hjå familien sin, budde på hybel rett over gata for fabrikken. Så arbeidde dei skift og på akkord. Ein periode før 2. verdskrig arbeidde så mange som 150 personar med å legge Kong Oscars sardiner på boks. På den tida var det sesongarbeid; det var om høsten det var sildefiske på Vestlandet.
Bygget framstår frå gateplan nærmast som det gjorde då det var nytt. Eigarane og driftsleiinga har halde hus og interiør ved like, og i så stor grad som mogleg har dei halde seg til den originale arkitektoniske ideen, som då ein større utbygging på 1940-talet fann stad. Den siste store utbygginga blei gjort i 1988. Frå den tida av har leiinga vist innsikt i kva for ein kulturskatt dei hadde hand om, og lete bygget smykke Skånevik.
Maskinane i fabrikken er av ymse dato. I 1988 blei anlegget modernisert, og 2. høgda, kor fisken blir lagd på boks er i stor grad frå dette året. 1. høgda har maskiner frå 1950-talet og frametter. Mellom anna røyketunnelen er frå denne tida.
Fabrikken har ikkje interiør eller maskineri frå 1908, det ville vel ikkje næringsmiddelkontrollen ha godteke, og som forbrukarar kan vi være glade for det. Arbeidarane trivst nok og med at maskinar no trer fisken framfor at det blir gjort manuelt. Det er og greitt at boksane ikkje blir lodda for hand lenger.

Innsende kommentarar:

Thomas Witt, Magdeburg (Tyskland, tho-wi@web.de
Hei, eg har vort på Skånevik for mange år siden, og regelmessig seilte "Sardinen" forbi hytta på veg til brislingfabrikken. Syndt at den er blitt nedlagt - eg kunne tenkje meg at kommunen mista arbeidsplassane. Hjarteleg helsing fra Tyskland Thomas
11.4.2002

Dette meiner eg:

Namn:
Epost:
Hør nå
her:


   

Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
og Museumssenteret i Salhus