Tekniske og industrielle kulturminner


Med framveksten av tekstilindustrien frå midten av 1800-talet starta historia til det moderne industrialiserte Noreg. Utviklinga til den norske tekstilindustrien var tett knytt opp til hendingar i England. Det var innan den engelske tilverkinga av bomullsvarer den såkalla industrielle revolusjonen fann stad. Fram til1800-talet var England eit av dei leiande europeiske landa innan produksjon av tekstilar og tekstilmaskiner. Noreg hadde på denne tida unytta fossekraft, låg toll råvarer og høg toll på ferdige bomullsvarer. Opphevinga av utførsleforbodet i England på maskiner gjorde det difor gunstig å starte med tekstilproduksjon her i landet.

Les meir om dette!

Les meir om ett av desse kulturminna:

Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
og Museumssenteret i Salhus