Kva er...

Tekniske og industrielle kulturminner

Kva er eit teknisk eller industrielt kulturminne?

I ein slik produksjon som reisekartet over tekniske og industrielle kulturminne er det naturleg at lesaren ynskjer å få vita kvifor nettopp desse kulturminna er med. Kva kriterier er brukt når vi har landa på desse utvala?

Først var det naudsynt å meine noko om tidsaspektet. I Norge snakkar vi om den industrielle revolusjonen i to fasar - den tidlege fasen som tok til om lag 1850, og store fasen som tok til ved hundreårsskiftet 1900. Men viss ein går den industrielle revolusjonen litt nærare etter i saumane, viser det seg snart at det er vanskeleg å seie nøyaktig kor tid den industrielle revolusjonen sto. Det er meir snakk om glidande overgangar, sjølv om det sjølvsagt gjekk lovleg fort til tider. På desse nettsidene finn du dermed i liten grad levningar som går attende til 1700-talet, og neppe nokre som er yngre enn 1950.

Vidare skal vi gjere greie for dei geografiske rammene. Prosjektet bygger på idé og finansiering frå Kulturby Bergen 2000. Verkeområdet til KB2000 var Hordaland og dei tilstøtande kommunane nordover og sørover. Dermed var den saka avgjort allereie innan oppstart. Dernest dukka spørsmålet opp: Kva for felles kjenneteikn har industrien og den tekniske utviklinga innafor denne geografiske ramma? Der fann vi utmellom anna at vasskraft, tekstil og gruvedrift var store og tunge aktørar. Dermed kan vi seie at kulturminne av denne typen er representative for regionen.

I tillegg til representativitet ønskte vi å syne fram det som var spesielt og unikt. Dermed finn du gjerne kulturminne som er små og rare, som gjerne fortel noko om næringslivet på dei små plassane, men som ikkje seier så mykje om regionen (fylket) sitt økonomiske grunnlag.

Vi har og ønska å vise at industrialiseringa har vore ein prosess i fleire etappar. Det har ikkje vore ein overgang frå fiskarbonden si verd til storindustri utan mellometappar. Dermed har vi med nokre kulturminner som viser få teikn på mekanikk og effektivitet, andre som viser dette i fullt monn, og i tillegg kjem mellomstasjonane.

Tema har ikkje berre vore industri, men teknikk og. Ein kan seie at desse to ofte går hand i hand, men ikkje alltid. Ein del tekniske nyvinningar kom som resultat av vitskapen - mykje av dette gjekk rett inn i industrien og blei ledd i ei større kjede, andre var resultat av industrien, som telefonen, bilen og toget. Toget blei først brukt til å frakta kol, og var sentral i den engelske industrielle revolusjonen, men seinare ser vi toget mest i samanheng med persontrafikk.

Flest mogleg kommunar er representerte med minst eitt kulturminne. Nokre har få, andre har mange. Når vi kjem nærare Bergen tetter det seg naturleg. Byen har mykje kommunikasjon til bebuarane, og mange arbeidsplassar. Kartet viser og at kysten har mykje industri knyta til sjøfart og fiske, medan fjell og innland har ein del såkalla kraftkrevjande industri.

Tilbake til forsida!

   

Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
og Museumssenteret i Salhus